Patriotisk hip-hop: Dee Ex veit kva ho vil
Av Ornella WinterDee Exx, “Ich weiss…”, Schild Verlag, 2012.Patriotisk rap og hip-hop breider um seg i Europa, som me millom anna hugsar frå Målmannen nr 1 2011 der me tok fyre oss den franske artisten Goldofaf. Denne gongen tek me turen til Tyskland der Dee Ex er i vinden med plata “Ich weiss…”.
Dee Ex hev sidan 2008 vore verksam på netet der ho jamt og trutt hev posta nye videoar på musikkbloggen sin, de3xmusik.wordpress.com/. Når ho i februar 2012 kom med den fyrste fullengds-CD’en sin, var det soleides på høg tid.
Dee Ex vil ikkje setja seg sjølv korkje til høgre eller vinstre i politikken, men nøgjer med å kalla musikken sin som “patriotisk rap” og seg sjølv som “samfundskritisk kunstnarinne”. Ho hev valt hip-hop som ytringsform både av di ho då kann nå fleire lydarar enn det som ein elles når ut til med nasjonal musikk, og av di hop-hop med si frie og tekstbundne uppbyggjing gjev betre høve til å leggja fram idear og innfløkte tankeføringar enn det som er let seg gjera med hevdvunnen musikk. I dei uppglødde tekstene sine tek ho fyre seg tema som millom anna globalisering, innvan-dringsspursmål, ytringsfridom, tysk skuldkultur og undertrykt nasjonalkjensle.Millom høgdepunkti på plata finn ein låtene “Europa der Vaterländer”, “Frei geboren”, “Skandaaal! Ich liebe mein Land” og “An einem fernen Morgen”. So godt som alle songane hennar hev ho frå fyrr av presentert med videoar på Youtube, so dei som vil ha smakebitar på musikken hennar veit kvar dei kann leita.